fredag 30. januar 2009

Å vere prosjektleiar

Å vere prosjektleiar er ein grei og veldefinert jobb. Du skal sørge for oversyn og struktur, rapportere innanfor frister og halde kontakt med oppdragsgivar. Og du skal sørge for at arbeidet har den framdrifta det skal ha. Vanligvis heilt uproblematisk, sjølv om dei detaljerte rapporteringskrava på økonomi til tider kan drive ein til vanvidd... Andre gongar inneber prosjektleiarrolla å kle på seg autoriteten og vere myndig. Det er krevjande og utfordrande å ta på seg ei slik rolle i forhold til kolleger. Du må vere førebudd til fingerspissane, ha argumentasjonen på plass, og insistere på det saklige. Du må vere til stades i situasjonen, vere tydelig og halde på roa. Men det er usannsynlig energikrevjande.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar