lørdag 17. januar 2009

Ein heilt vanlig fredagskveld

Det er fredag kveld, og klokka har passert ni. Helgesteminga er i ferd med å bre seg i heimen.
Då tikkar det inn sms frå ein kollega som ikkje har for vane til å ta kontakt i tide og utide. Du anar uråd, og må sjekke kva det kan vere. Ei klar og tydelig melding, som dreiar seg om misforståing knytt til ein leveranse. Plutselig er helgestemninga som blåst bort. Du veit at du har ein jobb å gjere, og at den jobben må gjerast no. Sånn er det, ein heilt vanlig fredagskveld.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar