onsdag 28. januar 2009

Dei gode opplevingane

Å vere på eit seminar, der temaet er spennande, og der ein framfor alt møter mange, er givande. Møte med menneske som deler dine faglige interesser, enten som forskarar eller såkalla "brukarar". Slike seminar er givande på mange vis, ein reiser heim att med masse faglig påfyll, og med mange gode opplevingar. Og minna om dei gode opplevingane kjem att, når du er tilbake på kontoret, får eit brev frå eit anna forskingsinstitutt, der sidemannen frå seminaret har lagt inn den gode, velbrukte strikkeoppskrifta som du har gløymd.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar