tirsdag 13. januar 2009

How to be remembered....

Du er invitert til konferanse. Oppgåva di er å presentere ditt og kollegaene sitt arbeid. Du har fått tildelt 10 minutt, og innlegget er nøye tilpassa ramma. Men - det er berre det at du er nr. 14 i ein maraton der ialt 17 deltar. To timar med spennande og intense presentasjonar før det er min tur til å kjempe om merksemda. Kva gjer ein då? For dette er tidspunktet der folk er slitne, men høflige, då konferanserommet er tomt for luft, og tankane dreiar seg om: "Er det ikkje snart pause?": Det er då du høyrer på kloke kolleger, som på førehand har tatt eit blikk på programmet og konkludert: "Det er berre ein ting å gjere, du må ta ein Twist-pause". Og Twist-pause blei det. Medan folk lo, knitra med papir og valde seg sin favoritt, kunne eg presentere forskinga vår. Og etterpå fekk eg masse positive kommentarar, og heldigvis også nokre slike:
"Du hadde eit godt innlegg - det var ikkje berre det med Twisten"....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar