onsdag 11. februar 2009

Men passar det eigentlig?

Det er jo det vi eigentlig vil, at forskinga skal bli sett på dagsordenen, at media skal vere interesserte i det vi driv med, og at det blir formidla vidare. Men, når journalistar ringer - passar det no eigentlig så godt? I løpet av den siste veka har eg fått mange slike telefonar. Ein på veg til henting på skolen, der ein hyggelig journalist berre ville høyre kva eg arbeidde med, og vi avtalte at eg ville vere klar til å stille opp når mitt arbeidsfelt kom på media sin dagsorden. Det snødde og det blåste, og det var til tider vanskelig å høyre, men vi hadde ein fin prat. Og barnet blei henta på skolen, nesten til rett tid. I går ringte det fleire. Ein ville ha meg til å forklare og kommentere eit prosjekt som var avslutta før jul, og som i går blei offisielt presentert av våre samarbeidspartar. Det gjekk fint. Jounalisten stilte gode spørsmål, og eg prøvde etter beste evne å gje forklarande svar. Men det passa eigentlig ganske dårlig, eg hadde ein travel arbeidsdag, der oppgåva var å ferdigstille ein rapport. Rapporten blei ferdig den, riktignok ikkje før kvart over fire. For etter at eg hadde snakka tre gongar med den første journalisten, ringte ein ny. Ho ville vite om eg eller andre i den lokale forskingsverda kunne kommentere eit kulturelt namneval - kan ein kalle opp byrom etter ein kunstnar med nazi-sympatiar? Eg hadde fryktelig lyst til å svare, men var redd svaret ikkje ville vere særlig faglig fundert. Så eg formidla journalisten vidare. For det passa jo eigentlig ikkje.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar