fredag 6. februar 2009

Hostemannen

Du er på jobbreise. Glad over å ha kome fram til hotellet etter lang reise og vading gjennom djup snø - som er ei nokså umulig oppgåve med ein trillekoffert på slep. På hotellet finn du fram i dei mest intrikate korridorar, kjem inn på rommet og er fornøgd. Her er det stille, rolig og ingen traffikert veg utanfor vinduet. Du pakkar ut, og set deg ned, klar til å nyte roen. Det er då du høyrer han. Hostemannen. Hotellgjesten på rommet rett over deg. Som hostar så det gjallar i tak og veggar. Nesten så du ser vinduet ristar. Han hostar og hostar, og det er som om han står 10 cm frå deg. Det varar og varar, og eg begynner å telje. To host i minuttet. Det blir ein slags gjennomtrengande rytme. Som gjallar. Pluselig tar det slutt. Hostemannen har forlatt rommet.
Ei merkelig ro sprer seg. Du kan nyte å vere på hotellrommet. Kvelden kjem og du somnar. Så er hostemannen tilbake - rett over midnatt. Hosterytmen er der, to i minuttet. Sømndyssande er det ikkje. Men du tar hemn over hostemannen - dyttar øreproppar inn i øra, og lar hostemann vere hostemann.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar