fredag 6. februar 2009

På bortebane

Einslig samfunnsvitar blant biologar. Eit litt merkelig utgangspunkt, men det er ein spennande og interessant konferanse. Eg lærer mykje på kort tid, om fettsyrer, proteiner og korleis plantar påvirkar kvaliteten på kjøt og melk. Og eg lærer om kva ein kan bevise av vitskaplige samamhengar og kva som meir dreiar seg om å tru og meine. Og eg kjenner eg blir litt misunnelig på biologane, som kan gjere forsøk, få konkrete resultat og presentere tydelige funn.
Og eg blir så imponert over deira formidlingsevne, sjølv eg som definitivt ikkje er innafor feltet, skjønar. Sjølv om eg er på bortebane.

1 kommentar:

  1. Har også alltid vært så misunnelig på biologene og deres konkrete resultat slik du beskriv det her i bloggen. Det vi samfunnsvitere og økonomer kan trøste oss med er at de synes at vårt arbeid er svært så fasinerende nettopp fordi vi ikke gjør konkrete forsøk eller kan sette to strek under svaret. Det er dette som gjør at det er så flott å være med på tverrfaglige prosjekt.

    SvarSlett