tirsdag 3. mars 2009

Sjarmøretappen

"-og kor har du vore?", spør to kolleger høflig på flyplassen. Etter at eg har høyrt om det krevjande møtet dei har vore på, der det blei presentert, forhandla og ordna opp.
Då gjekk det opp for meg at eg akkurat hadde gjennomført sjarmøretappen. Presentert resultatet av eit langvarig arbeid for viktige nasjonale aktørar. På toppnivå. Eit offisielt og viktig oppdrag som kravde solid og grundig forarbeid. Men som faktisk, når det kom til stykket - ein rein sjarmøretappe.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar