torsdag 26. mars 2009

Positiv og negativ energi

Forskarverda kan vere merkelig. Plutselig oppstår det masse positiv energi i eit møte, rundt eit lunsjbord eller ein kopp kaffe. Folk ler og pratar i munnen på kvarandre. Deler merkelige og pussige historier. Nikkar gjenkjennande og hikstar av latter. Når ein bryt opp frå slike situasjonar kjenner ein den positive energien strøyme. Og ein tar den med seg vidare - inn i andre situasjonar. Og så finst det motsette. Møte som startar ut med dei beste intensjonar. Lunt, hyggelig og høflig. Men som ganske snart blir nærmast forgifta, prega av dårlig skjulte hentydingar, mistenksomhet og sarkasme. Det meste blir problematisert og tolka i verste meining. Og det blir vanskelig å rette opp, få situasjonen til å ta ei anna retning. Maktesløysa strøymer inn. Den negative energien fløymer. Og det verste er: også denne energien tar ein med seg vidare.

1 kommentar:

  1. Congratulations! I hope your labor and delivery go smoothly and that your baby is healthy and happy! God bless you and your new little person.

    Thanks for the comment on my blog. :-)

    SvarSlett