mandag 29. desember 2008

Å gjere kvalme om til handverk - og vere stolt av det

Du har opplevd kjensla? Når du har arbeidd lenge med å få orden på eit datamateriale, som er komplisert og samansett. Når du har streva med å gje svar på problemstillingar. Når du er ganske fornøgd, og syns det du har fått til slett ikkje er så verst. Når du er litt spent og opprømt framfor presentasjonen. Då kjem kvalmen. For dei andre er slett ikkje fornøgde. Munnvikane heng nedover, og kommentarane er spisse. Du skjønar at dette må du gjere på nytt. Og du skjønar ikkje korleis. Du kjenner berre kvalmen. Og ulyst - berre ved tanken på å ta fatt på dette igjen. Men, så gjer det seg. Du har fordøyd reaksjonane. Og du kjenner glede over å starte på nytt. Kunne gå djupare inn i det heile. Tenke, resonnere, og ordne det annleis. Det er hardt arbeid. Det er slitsomt. Det går med seine kveldar og tidlige morgoner. Men det er også glede - over å mestre eit handverk, over å ha fått til. Den kjensla er berre god.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar